Skip to main content

Shuttlebus Hardanger
– Online booking

TRANSPORT TIL DRONNINGSTIEN OG HUSEDALEN

Prøv dei mest kjende turløypene i Hardanger. Vi køyrer deg i buss/taxi.
Du kan nå oss på telefon 48 25 65 67 eller 911 74 349

Vi køyrer deg trygt og komfortabelt fram i vår minibuss/taxi frå Kinsarvik eller Lofthus til Røte/Dronningstien, til ein rimelig pris. På førespurnad kan vi også køyra deg til andre reisemål i området. Ring oss for pris.

Transport til Dronningstien

Transport fra:

Lofthus og Kinsarvik til Dronningstien

H.M. Dronning Sonjas panoramatur

I perioden 23. mai – 4. oktober køyrer vi dagleg mellom Lofthus og Kinsarvik til startpunktet på Dronningstien (Røte).

Morgonavgangane vert køyrt slik:
I perioden 23. mai – 19. juni 2 avgangar pr dag
I perioden 20. juni – 30. august 3 avgangar pr dag
I perioden 31. august – 4. oktober 2 avgangar pr dag

Transporten til Dronningstien må forhåndsbookast seinast kl 20.00 kvelden før.
MRK: Plass for hund på morgontur MÅ forhåndsbookast. (Kan kjøpast saman med personbillett)

Frå Lofthus køyrer bussen frå følgjande stader om morgonen:
• Parkeringsplassen v/Ullensvang kyrkje
• Lofthus sentrum v/Ullensvang frisør (Lofthus Ekspedisjon-bygget)
• Hotell Ullensvang v/resepsjonen
• Lofthus Camping v/resepsjonen

Køyretid frå Lofthus til Røte er ca 15-25 min.

I Kinsarvik køyrer vi frå:
• Esso-stasjonen
Bookar ein tur frå Kinsarvik er retur frå Lofthus til Kinsarvik inkl. i prisen.

MERK! Grunna anleggsarbeid i Lofthus sentrum er det ikkje parkeringsplassar her. Vi anbefaler parkering på Røte (og ta bussen tilbake frå Lofthus etter turen) eller i Kinsarvik på arealet mot sjøen ved Essostasjonen. Her er det mange parkeringsplassar. Ein kan ta bussen vidare opp til Røte og tilbake frå Lofthus til Kinsarvik etter turen)

Returtransport om ettermiddagen vert køyrt frå desse stadene:
• Lofthus Sideri (Eidnes)
• Lofthus frisør (kryss Rv 13 /Hellelandsvegen (MRK Ingen påstigning v/Bunnpris) Sjå kart

Returtransport etter endt tur treng ein ikkje å førehandbooke.
Ein betaler på bussen.

Returtransport frå Lofthus til Røte/Kinsarvik vert køyrt mellom kl 14.00 og kl 19.00. Bussane køyrer regelmessig. Tid mellom kvar avgang vil variera etter kor stor trafikken er. Returtransporten vert køyrt langs riksveg 13 frå Lofthus til Kinsarvik, dvs. ikkje via Lofthus Camping.
Dei fleste vel å gå Dronningstien frå Røte til Lofthus. (ca 5-6 timars tur)

Dersom ein vel gå Dronningstien frå Lofthus til Røte kan ein bestilla transport tilbake til startpunktet. For avtale om henting på Røte; ring 911 74 34948 25 65 67 når du er komen forbi stien (til Heng) og har starta på traktorvegen mot Røte (som tar ca 45 min. å gå)

Hund på bussen:
Det er tillatt å ta med hund på bussen. Liten hund (under 5 kg) ingen kostnad. Stor hund (over 5kg) kr 50.- (Tur/retur Kinsarvik kr 75,-)

Ønskjer du transport utover oppsatte rutetider eller til andre stader som t.d. Husedalen eller Trolltunga/Skjeggedal? Ta kontakt for nærare avtale

Ring 911 74 34948 25 65 67

Billetter og datoer her

NYHET: SIDERTURER

Trolltunga

Transport til Trolltunga?
Be om pris.

Sjå:
www.trolltunga.com

Hardangerbonden

Transport til sidersmaking på Sekse

Sjå:
www.hardangerbonden.no
www.eplisideri.no

Ønskjer du å bestilla tur til andre reisemål i området? Ta kontakt for pris.
Send oss ein e-post eller ring oss på 911 74 349 / 482 56 567 for informasjon og booking.